Krisemåling for Senterpartiet

Viss den siste målinga frå Respons Analyse stemmer overeins med valresultatet, vil Senterpartiet berre få inn eit mandat i kommunestyret.

Lokale Sp-toppar saman med partileiar Trygve Slagsvold Vedum under Tomatfestivalen på Finnøy nyleg.
Publisert:

Stavanger Aftenblad publiserte tysdag siste valmåling før måndagens lokalval. Senterpartiet går frå 3 til 1 representant ifølgje målinga.

Dette vil gi seg utslag i talet på representantar frå øyane, fordi tre av dei fem øvste kandidatane til Senterpartiet Stavanger kjem frå Rennesøy og Finnøy kommunedelar. Dagny Sunnenaa Hausken frå Rennesøy blir einaste representant frå Senterpartiet viss målinga slår til.

Ifølgje målinga vil Framstegspartiet vil få inn Tor Bernhard Harestad frå Rennesøy og Kristeleg Folkeparti vil få inn Henrik Halleland frå Finnøy.

Arbeidarpartiet som går fram på målinga, har ikkje mange kandidatar frå øyane på lista si, men Tina Nådland frå Rennesøy og Hanne Vasshus frå Finnøy på ikkje-kumulerte plassar.

Høgre er partiet med mest framgang frå kommunevalet 2019, og vil ha inne 23 mandat viss målinga blir verkelegheit. Ingen av kandidatane er kumulerte.

Dei andre parti ligg heller ikkje an til å få inn personar frå Rennesøy og Finnøy kommunedel, fordi dei ikkje har kumulerte kandidatar frå øyane.

Valet avheng av talet på personstemmer kandidatane får, og om folk som har svara på undersøkinga faktisk stemmer det dei sa at dei har tenkt å stemme. Personstemmer kan gi kandidatar som ikkje er kumulerte ein plass i kommunestyret dersom dei får fleire enn dei andre på lista.

Ifølgje Øyposten sine uhøgtidlege berekningar (med atterhald om feil), har øyane då om lag 2 prosent av mandatane i kommunestyret, men om lag 6 prosent av innbyggjarane. Finnøy og Rennesøy kommunedelar utgjer heile 65 prosent av areal i kommunen.

Publisert: