Her vil politikarane i Rennesøy ha 60-sone

For å få etablert ein busshaldeplass vil kommuneutvalget ha redusert fart forbi Rennaren.

Fleire har bustadadresse på Rennaren, langs det som i dag er 80-sone mellom Eltarvåg og Hanasand.
Publisert:

Bebuarar mellom Eltarvåg og Hanasand har lenge etterlyst eit busstopp langs fylkesvegen der det i dag er 80-sone. Manglande busstilbod tvingar bebuarane til å bruke privatbil.

Då Rennesøy kommunedelsutvalg hadde sitt siste møte i denne valperioden tysdag 29. august, blei trafikksituasjonen forbi Rennaren eit tema.

Tor Bernhard Harestad (Frp) tok opp at for å få busstopp, så må først fartsgrensa ned frå 80 til 60.

– Dette kan kommunedelsutvalget be om, ja, me må krevje det, sa Harestad.

Utvalget slutta seg til å sende eit spørsmål til administrasjonen om saka. Eit svar er venta til neste møte ein gong etter kommunevalet. Utvalget ønskjer 60-sone frå Eltarvågen til rundkøyringa ved Finnøytunnelen, gjekk det klart fram av debatten.

Utvalget etterlyste samstundes status for ein reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs vegen vidare frå Hanasand til Østhusvik.

Kart som viser Rennaren på Rennesøy:

Publisert: