Barnehagane fekk restlageret til isbaren

God stemning utanfor isbaren på Judaberg fredag då barnehagane på Finnøy fekk gratis is.

Dei koste seg med is i seinsommarsola f.v. Kamilla Bokor (3), pedagog Rebecca Halvorsen og Helle Hesby Naaden (2) frå avdeling Nøtteskrikene i Utsyn barnehage.
Publisert: Publisert:

– Sesongen går mot slutten og me har eit nokså stort lager av is, seier bareigar Stephan Dickinson på Judaberg:

– I staden for å fryse det ned til neste år, har me invitert dei to barnehagane på Finnøy i dag til å kome og få gratis is.

Isværet fredag var det aller beste, med sol og god temperatur, og kring lunsjtider kom dei i puljar frå Hagatoppen i vest og Utsyn i sør.

– Kjempekjekt tilbod dette, seier pedagog Rebecca Halvorsen som har med nokre ungar frå avdeling Nøtteskrikene i Utsyn barnehage.

Samira Dickinson og Richard Høyvik serverte fredag softis på løpande band til Finnøys barnehagar.

Issjef Richard Høyvik reknar med at isbaren vil ha ope ut september. Så er issesongen over for i år.

– I fellesferien var det litt stille her, men alt i alt har me hatt ein bra sesong. Tomatfestivalen samla frå fredag til søndag i år var rekord, seier Høyvik.

Publisert: