Gullskatten blei funnen i område rikt på fornminner
Gullskatten på Rennesøy låg nedgraven i beitemark på vestre del av øya.
Søndag 27. august fann ein mann med metalldetektor over 100 gram med diverse gullsmykker på Rennesøy. Smykka er frå kring 500 år etter Kristus, det vil sei frå folkevandringstida, og funnet blir av Arkeologisk museum i Stavanger skildra som uvanleg i skandinavisk samanheng.
Øyposten har prata med gardbrukaren på eigedomen der skatten blei funnen. Han seier området er rikt på spor frå gammal tid.
– Skatten blei funnen i eit beiteområde, så det får ingen ting å seie for drifta av garden, seier han.
Det var elles søskenbarnet hans som gjorde funnet, fortel gardbrukaren.
For å hindre eit renn av folk vil Arkeologisk museum inntil vidare halde det hemmeleg akkurat kor gullet låg nedgraven. Øyposten kan røpe at det var på vestre del av øya, i eit område som er pepra av fornminner. Blant anna er det på denne delen av øya dokumentert ein av dei eldste buplassane i Sør-Norge. Kring Galta blei det for nokre år sidan graven fram 17.500 flintgjenstandar som kan daterast over 11.200 år tilbake i tid.
Når me legg til Sørbø kyrkje, Utstein kloster og helleristningsfeltet på Austre Åmøy begynnar Rennesøy kommunedel å få ein materiell kulturarv som det susar av.
Som det så treffande heiter i Ryklames ferske reklamefilm om Rennesøy: «Øyene våre er omringa av vann og ein enorme historie».