Honning-karane: Starta som ein vill idé kring kjøkkenbordet
To unge gutar i Østhusvik har investert 20.000 kroner for å starte med birøkt.
– For to år sidan var eg på middag hos kompisen min Ravn, fortel Lauritz Løvereide Stølås.
Dei to er naboar i Østhusvik.
– Me prata om at me hadde lyst til å finne på noko der me kunne tene pengar og samtidig gjere noko bra for samfunnet. «De kan starte med bier», sa mora til Ravn. Me tenkte på det. Kanskje me kunne starte med bier? held Lauritz fram.
Kurs på Jæren
I fjor melde dei seg på kurs i Jæren Birøkterlag og var nedover til Jæren fleire kveldar. Dessutan fekk dei ein mentor i nabolaget; Bjarte Hanasand, som er hobbybirøktar og har føretaket Hanasand Honning og Bær.
– Me har lært masse av Bjarte. Me ser korleis han opererer, fortel Lauritz.
Dei handla inn nokre kubar og nødvendig utstyr, og i mai i år la dei ut denne meldinga på Instagram-kontoen honning_karane:
«Me e to guttar på 16 år som har begynt me birøkting.»
Dei ber folk følgje dei og lovar å legge ut innlegg og filmar om seg sjølve i aksjon, om honning, om bienes biologi og om korleis det står til i kubane. Og om kor det etter kvart blir mulig å få tak i honning.
Lærer av feil
Øyposten trefte dei to gutane på Rennesøydagen nyleg, der dei hadde eigen stand med heimesnekra monter der me kunne sjå levande bier i arbeid. Honning å selje får dei først neste år.
Like før Rennesøydagen la dei ut denne meldinga:
«Vi må dessverre melde at vi ikke har fått noe honning i år. I alt du gjør i livet, men kanskje spesielt i birøkting, så er det vanskelig å lykkes første gang.»
Birøkting, som livet, byr på nedturar og oppturar. Tidlegare i haust la honning-karane ut dette:
«En av de beste følelsene i livet er når vi blir sterkere, større og flere. Slik er det også i birøkt. Vi har nå ekspandert bigården vår med to kuber til, og kan dermed si stolt av vi eier seks bikuber.»
Stor investering
Lauritz fortel at dei så langt har investert kring 20.000 kroner i kubar, bier og utstyr. Neste år har dei planar om å kjøpe ei brukt slynge, ein reiskap for å få ut honning frå tavlene.
– Me har kalkulert med at me neste år kan hauste 100 kilo honning. Investeringa er høg i starten, men så vil den gå ned. Honningprisen stig, så me trur at me kan tene litt på dette, seier Lauritz.
Honning-karana skriv på Instagram at dei har 250.000 bier i arbeid, men det var før dei fekk dei to siste kubane. Biene hentar nektar og pollen frå blant anna mykje villbringebær i Østhusvik.
– Me kjem til å få god honning, seier Lauritz.
Likandes karar
Dei to kompisane kjem opphavleg frå Nord-Rogaland og har frå før inga tilknyting til landbruket, fortel dei.
Under Rennesøydagen baud dei på gratis vaflar i tillegg til monteren der folk kunne sjå honningbier i aksjon. Mange stakk innom.
– Me fekk veldig bra respons. Mange sa at dei er kjempeimponert, seier Lauritz.
Øyposten har gjort som fleire andre; me har lika honning_karane på Instagram.