Livleg prat etter møte var slutt Foto: Bjarne Ydstebø

Påsken er ei tid der mange er bortreist, men mange kjem også heim på påskeferie. Forkynnar Martin Lindhjem var talar på møta, som starta opp onsdag og varte til søndag, med ein pause laurdag.

Skjærtorsdag var det formiddagsmøte med nattverd og rundt 70–80 stk. møtte opp.

Fredag var også rundt same antal, men det søndag – oppstandelsesdagen – var mellom 95–100 stk. på møte. Slettes ikkje verst på vesle Talgje.

Det var besøkande frå både Finnøy, Rennesøy og andre stader på møta. Søndag gleda også songgruppa Virkelig Fri forsamlinga med frisk song.

Det viser seg at påskemøte på Talgje er liv laga også i 2024!

Fint pynta av Lene Østebø Foto: Bjarne Ydstebø