40 år på torget: Snart siste på skansen
Jone Vadla (80) på Sjernarøy har reist med kristorn på torget i rundt 40 år. Men nå tynnest det i rekkjene, og denne jula var det bare to i same bransjen på torget i Stavanger.
SJERNARØY: Då Øyposten kjem på besøk er han og kona Kari pluss Brita Aartun i full gang med å binda kransar og juledekorasjonar som Jone skal ha med på torget i Stavanger.
-Det er om å gjera å ha eit breitt spekter av varer, slår Vadla fast.
Det var enklare før. Då kunne du dra på torget med ei håndkjerre full av kristorbukettar, og selja dei ut på eit par timar. Slik er det ikkje nå.
Kamp om plassen på torget
-Eg selde bare fire bukettar sist eg var på torget, seier Jone Vadla.
Før var kristornhandelen på torget ei kjærkomen inntekt før jul for mange frå øyane, og det var kamp om dei beste plassane på torget.
Nokre var oppe alt i tre-tida om natta for å sikra seg ei god plass. Den beste plassen var ved utløpet til undergangen, som før gjekk under Kongsgårdbakken og munna ut på torget. Her blei alle som skulle til byen slusa inn. Fekk du plass under Alexander Kielland-staua låg du godt an.
Oddetal med bær
Men nå er det bare han og Ola Dale frå Hjelmeland som driv med torghandel med kristorn og pyntegrønt.
Før sat Jone & Co ute i løa og bandt, men nå har dei flytta inn i varmen på kjøkkenet.
-Dei første kransane bant eg rett på ein ring av ståltråd, og kunsten å binda lærte eg av Jakob Havn frå Bjergøy, betrur Jone Vadla oss.
Hans oppgåve nå er å festa bæra på kransane, mens Brita og Kari bind dei kvasse kristornblada og granbar på kransane. Helst bør halmkransane vera tynne, for då er dei lettare å binda.
-Det skal vera oddetal med bær på kransen, røper Jone Vadla.
-Enten tre, fem eller sju. Av og til brukar eg også ni på dei største kransane, seier han.
Har levert sitt siste juletre
Å få fine kransar krev tålmod og arbeid. Og dess meir kristornbuskane blir klypte, dess finare blir blada. Dessutan må dei gjødslast. Dei begynner å binda kransar og dekorasjonar siste veka i november, og held på til midten av desember.
-Er det god forteneste?
-Det blir nok nokre hundrelappar, smiler Jone.
Men mest av alt er det for å halda trasisjonen ved like.
-Dessutan er det eit koseleg arbeid, som gir oss litt julestemning. Spesielt nå når det har kome snø, seier dei på kjøkkenet til Jone og Kari.
Nyleg leverte han sitt siste lass med juletre på torget i Hillevåg, etter 25 år. Då hadde han levert til tre generasjonar Hagalid. Ola J., Jone og nå svigersonen til Jone: Rasmus.
Som takk for trufast levering fekk han ei kjempegod marsipankake frå bakeriet på Tau.
-Heretter blir det mest heimesalg, seier Jone Vadla.