45 prosent auke i biltrafikken i Finnøysambandet
Målt i antall bilar, har gratis ferje i Finnøysambandet blitt ein stor suksess. Biltrafikken i oktober auka med heile 45 prosent, mens passasjertalet minka med 25 prosent.
FINNØY: Finnøysambandet blei gratis frå onsdag 28. september. Nå ligg tala for trafikken i oktorber føre. Dei viser ein kollosal vekst i biltrafikken, samtidig som passasjertrafikken har gått ned.
Tala er desse:
Den dagen Finnøy-sambandet blei gratis var varaordførar Dagny Sunnaå Hausken med ferja til Fogn og delte ut gratis epler saman med Randaberg-ordførar Jarle Bø, begge frå Senterpartiet.
Ho synes auken i biltrafikken er gledeleg tal for Finnøy.
-Det er ein kjempefordel med gratis ferje for næringslivet i øyane, seier varaordføraren til Øyposten.
Ho er ikkje overraska over den sterke trafikkveksten, og peikar også på at det ikkje går buss frå Finnøy til byen.
-Det gjer at det er lettvindt å ta bilen med seg, seier ho.
-Stavanger har som målsetting å redusaera biltrafikken?
-Ja, men det er ikkje biltrafikken frå øyane som er den store utfordringa, seier Dagny Sunnanå Hausken.