Finner ikkje årsak til bussbrannen
Politiet ser få muligheiter til å oppklare bussbrannen på Mosterøy.
– Det var ikkje videoovervaking på staden, og me har ingen vitner, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen:
– Krimteknisk har konkludert med at saka har eit lite oppklaringspotensial, og at det er vanskeleg å gå vidare.
Laurdag 15. juli om kvelden oppstod ein kraftig brann i tre bussar som stod parkert utanfor bussgarasjen på Mosterøy. Bussane er vanlege dieselbussar.
Åstaden rundt dei utbrente køyretøya er nå frigitt, opplyser politiet.
Bussoperatør Connect Bus, som driver bussrutene på oppdrag frå Kolumbus, jobbar med å få inn nok bussar til skulekøyringa startar.
– Me har godt håp om å få inn nytt materiell slik at skulerutene kan gå som normalt, seier trafikksjef Stein Enersgård i Connect Bus.
Kart som viser bussgarasjen på Mosterøy: