Ylva (f.v.), Edmund og Helena syng litt saman med journalisten medan dei ventar til alle er klare til å gå på tur. Foto: Silje Talgø Klakegg

Då Øyposten kom inn i barnehagen var fagarbeidar Lars Henrik Hetland i gang med samlingsstund for dei eldste ungane.

– Var det kjekt å ha skodespel? seier han, og ungane nikkar. Dei har nett spelt skodespel om venskap i samlingsstunda, og nå er det på tide å gå på tur.

Men først på do, og så må dei kle på seg. Dei fiksar sjølv. Vesle Emilio trekk fram korga med namnet sitt på og finn fram vottane.

Avdelingsleiar Tone Holen og Emilio finn fram vottane, for i dag er det litt kaldt ute. Foto: Silje Talgø Klakegg

Godt samarbeid

Tone Holen, avdelingsleiar i barnehagane på Talgje og Halsnøy, fortel at dei er stolte over det dei får til.

– Me har eit tett samarbeid med dei andre Finnøybarnehagane, og skulestartarane har til dømes turdagar saman med skulestartarane i Hagatoppen. Me har felles personalmøte og same tema gjennom året, sjølv om me tolkar tema ulikt, seier ho:

– Grunnen til at me skårar bra på undersøkinga, handlar nok mykje om at foreldresamarbeidet er bra. Me prøver å vere flinke på å møte dei på behov og ønskjer dei måtte ha, og så er dei like flinke til å møte oss.

Skulestartarane sitt arbeidsrom. Foto: Silje Talgø Klakegg

Varm og positiv

Pedagogisk leiar Randi Hanasand meiner at det nok også handlar om at personalgruppa er positiv og varm.

– Eg var ny her i haust, og blei tatt i mot på ein så god måte av personalet. Ein føler seg velkomen her.

Fagarbeidarane Anna Bartosewicz og Lhieza Vik fortel at dei synest at det var stas å få ei god foreldreundersøking i år igjen.

– Det er kjekt å jobbe her også, seier dei.

Tur i dag

Gjengen er klar for tur, og journalisten får bli med dei å synge litt medan me ventar på dei vaksne. «Tøffe tøffe toget» syng me, heilt til Helena og Edmund må gå av toget. Flaks at toget var framme i tide, for no skal me gå av garde.

– Først må me sjå til venstre, seier Hetland:

– Kjem det bilar?

– Nei, ropar alle ungane.

Alle ser til høgre. Ingen bilar der heller.

Ein ny sjekk til venstre, og når det framleis ikkje kjem bilar, kan me kryssa raskt og forsiktig over. Turen går til gapahuken i Ingershagen, og der kan ein leike mykje.

Stephan leiker at han lager bål saman med Randi Hanasand. Filippa Ydstebø vil sitje litt på fanget til Tone Holen før ho er klar til å leike.

– Kven vil ha pølser? roper Edmund frå butikken i treet, og Tone-Martha Hovda Aukland vil sjølvsagt ha. Snart er det lang kø i butikktreet.

Journalisten får med seg ei liksompølse i lomma når ho drar vidare til neste jobb.

Randi Hanasand og Stephan leiker saman. I bakgrunnen er Filippa klar til å leike. Foto: Silje Talgø Klakegg

Årleg undersøking

Foreldreundersøkinga blir gjennomført av Utdanningsdirektoratet kvart år, og i år er inga unntak. Foreldra svarer på 30 spørsmål om korleis dei opplever til dømes samarbeid med barnehagen, barnas trivsel og lokala og uteområdet til barnehagen. Undersøkinga er tilgjengeleg på fleire språk.

I denne oppsummeringa tar journalisten berre for seg punktet som gjeld foreldretilfredsheit.

Foreldre i øyane er generelt nøgde med barnehagetilbodet. På ein skala som går frå 0–5, der 5 er best, er det ingen av barnehagane som skårar under 4 poeng.

Finnøy kommunedel

Talgje barnehage troner på topp med nesten full pott og 4,9 poeng.

Dei minste barnehagane sine tal er unntatt offentlegheit, så der er ikkje tala tatt med i denne saka. Dette gjeld Ombo og Halsnøy barnehage.

Dei andre barnehagane i Finnøy kommunedel skårar som følgjer:

  • Hagatoppen barnehage: 4,6 poeng

  • Preg, avd. Finnøy: 4,5 poeng

  • Sjernarøy barnehage: 4,5 poeng

  • Fogn barnehage: 4,3 poeng

Gjennomsnittstalet for Stavanger kommune er 4,5.

Rennesøy kommunedel

Best resultat på foreldretilfredsheit i Rennesøy kommunedel, får Bru barnehage. Barnehagen som ligg langs Bruvegen i gamle Bru skule, skårar 4,7 poeng.

Vestre Åmøy får 4,6 poeng på foreldretilfredsheit, og Østhusvik barnehage får 4,5 poeng.

I lågare sjikt finn me Rennesøy barnehage som får 4,1 poeng og Skorpefjell som får 4,2.