– Dickins har stor og fin plass og alkoholservering. Eg har heimelaga pizza og lang opningstid, seier Alexandra Ciuciu i Finnøy Pizza:

– Når me nå slår oss saman blir det betre for kundane. Pizza og øl høyrer saman, og ein stor utestad er betre enn to små.

Ein pluss ein

Måndag blei den store pizzaomnen løfta ut vindauget i det gamle lokalet til Finnøy Pizza. Her har Alexandra drive verksemda si i tolv år.

Her går pizzaomnen ut vindauget til gamle Finnøy Pizza; f.v. Samira Dickinson og Alexandra Ciuciu. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Eg kom frå Romania til Finnøy i 2010, og eg hadde drive med pizza i Romania. Så då starta eg opp her, fortel Alexandra:

– Kring 90 prosent har vore takeaway, men folk har ikkje kunna stoppa med bil rett på utsida. For kundane har det ikkje vore heilt topp, særleg ikkje viss dei har vore fleire i følgje.

Etter at pizzaomnen kom ut vindauget måndag, blei den køyrd med traktor dei kring 50 meterane i luftline opp til Dickins Bar & Restaurant. Der blei den trilla rundt huset og inn på kjøkkenet.

Pizzaomnen blei frakta med traktor. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Eg lova Alexandra at me ikkje skulle starta med pizza så lenge ho dreiv Finnøy Pizza, seier Dickins-grunnleggjar Stephan Dickinson:

– Eg var glad då ho kom og spurde om me skulle slå oss saman. Judaberg er ikkje Stavanger. Kvar for oss har ingen av oss tent pengar. Saman sparar me utgifter, og eg trur omsetjinga vil auka.

Tru på konseptet

Stephan Dickinson er styreleiar og majoritetseigar i driftsselskapet Judaberg AS. Alexandra Ciuciu går inn på eigarsida og blir restaurantsjef, medan Richard Høyvik blir medeigar og dagleg leiar.

Menyen blir den gamle til Finnøy Pizza pluss det som høyrer med skjenkeløyve. Opningstidene blir dei til Finnøy Pizza pluss puben sine i helgene, det vil sei fram til halv to natt til laurdag og natt til søndag. Måndag er det stengt.

– Me har hatt ope på kvardagar bare i fellesferien, dei to åra me har drive. Nå vil me ha ope seks dagar i veka året rundt, seier Stephan Dickinson:

– Når sommaren kjem kan det godt henda me set ei fiskesuppe på menyen, og så har me softismaskin. Eg trur dette blir bra.

Litt mindre ansvar

I tillegg til Finnøy Pizza har Alexandra Ciuciu i to år drive Amos Pizza i Vikevåg. Drifta i Vikevåg går så som så, seier ho, men ho har ikkje lyst til å gje seg så lett.

Ein annan person tek seg av drifta i Vikevåg, medan Alexandra vil konsentrera seg om å driva pizzarestauranten Dickins.

– Når me nå blir fleire til å dela på ansvaret, håpar eg å få litt meir fritid i lag med sonen min, som snart blir 15 år, seier Alexandra:

– Som det har vore har eg nesten aldri hatt ferie.

Telefonnummeret er som før for dei som vil tinga takeaway.

Går alt etter planen med installering av utstyr, opnar den nye pizzarestauranten på Judaberg onsdag 28. februar klokka 13.00.

Kva trur du om at Finnøy Pizza og Dickins slår seg saman?