Tidlegare Høyre-ordførar i Rennesøy på Venstre-lista

Tidlegare ordførar i Rennesøy, Ommund Vareberg er blant kandidatane på Venstres liste til kommunevalet neste år. Vareberg representerte Høyre som ordførar.

Ommund Vareberg har meldt seg inn i Venstre.
Publisert:

STAVANGER: Vareberg står på ein 10. plass, mens Ann Elin Piel, i dag busett på Mosterøy står på ein 3. plass. Men ho er på flyttefot til Hundvåg i Stavanger.

Vareberg seier at han melde seg inn i Venstre for eit par år sidan.

-For meg har mellom anna det å skaffa ein bergingsbil i Rennfast vore ei viktig sak, noko som Venstre har fronta. Eg har også stor sans for Venstre si satsing på regionalt samarbeid i næringspolitikken, seier Vareberg til Øyposten.

-Dette høyres jo også ut som god Høyre-politikk?

-Forskjellane mellom fleire av partia på borgarleg side er ikkje all verdens, men det avgjerande for meg er kva saker eg brenn for. Og der er Venstre det som står meg nærast, seier Vareberg, som håpar og trur det blir eit maktskifte i byen etter valet neste år, og at den borgarlege sida tek tilbake makta.

Mette Vabø toppar lista som partiet sin ordførarkandidat, med Kjartan Alexander Lunde som nummer to. Lista ser slik ut:

Publisert: