Judaberg er pynta med raude julehjerter
Dei raude hjertene i bjørketrea utfor Bethel er på plass og klar til arrangementet første søndag i advent.
FINNØY: Folk frå kommunen sørga for å hengja opp dei dekorative hjertene, og elektrikar frå Finnøy Elektro var i sving med å kopla til straumen. Dermed skal det bli julestemning for alle pengane på Finnøy søndag. Også eit flott juletre er på plass utanfor Innbyggartorget.