Ingen øybuar i fylkestinget – Hetland (Sp) nærast

Birger Hetland står rangert som nummer seks på Senterpartiets liste etter fylkestingsvalet.

Birger Wikre Hetland (t.v.) frå Senterpartiet og Jon Olav Runestad frå Arbeidarpartiet stod begge på val til fylkestinget.
Publisert: Publisert:

Med 362 personstemmer i Rogaland er Birger Wikre Hetland frå Sjernarøyane rangert som nummer seks i Senterpartiet etter fylkestingsvalet, går det fram av møteboka til fylkesvalsstyret.

Det hjelper lite når Senterpartiet berre fekk inn tre mandat.

Ingen andre øybuar var nærare ein plass. Marte Westersjø Nesheim frå Rennesøy blei nummer 14 på Senterpartiets liste medan Tor Bernhard Harestad frå Rennesøy blei nummer 14 hos Framstegspartiet. Vidare blei Jon Olav Runestad frå Finnøy nummer 24 hos Arbeidarpartiet, medan påtroppande varaordførar i Stavanger Henrik Halleland blei nummer 46 hos Kristeleg Folkeparti. Alle har stort sett halde på den plassen dei hadde på valsetelen.

Valprotokollen frå fylkestingsvalet skal endeleg godkjennast tysdag neste veke, får Øyposten opplyst.

Høgre, Frp, KrF og Venstre er blitt einige om å danne fleirtal i Rogaland. Dei fire partia har til saman 27 av 47 mandat i det nye fylkestinget.

Publisert: