Hvaldimir er tilbake i Ryfylkebassenget

Onsdag kveld var kvitkvalen Hvaldimir i Hjelmeland.

Hvaldimir frå då den i mai var innom Stavanger-området.
Publisert: Publisert:

Kjendiskvalen Hvaldimir skapte glede og oppstandelse då den onsdag kveld gjesta båthamna på Hundsnes i Hjelmeland.

– Det var fleire som klappa den. Den leika med nokre blåser og var verkeleg kontaktsøkande, seier Dag Bjørnsen til avisa Strandbuen.

Hvaldimir var i Ryfylkebassenge òg i mai før den reiste sørover til Sørlandet.

Team Hvaldimir er ei gruppe dyrevener som følger den aparte kvitkvalen på sin ferd.

– Akkurat nå veit me ikkje kor den er, seier leiar Sebastian Strand i Team Hvaldimir til Øyposten fredag ettermiddag.

– I går så me etter den rundt Ombo og Randøy, men så ingenting. Siste observasjon er den i Hundsnes onsdag kveld, legg han til.

Hvaldimir er estimert å vere kring 13 år gammal, og i yngre år blei den sannsynleg trena i Russland for å utføre tenester, kan hende for militæret, utan at det er stadfesta. Dei siste fire åra har den vore på frifot langs norskekysten, og den har blant anna vore på BBC-nyheitene.

Les også

Hvaldimir har gjesta Finnøy – blir fulgt av team som har lagt seg inn i Stavanger

Kart som viser Hundsnes i Hjelmeland:

Publisert: