Sverre lagar Stavangers største fruktgard

Sidan garden er så liten fant Sverre Vanvik ut at han ville satse stort på frukt.

Sverre Vanvik forventar at produksjonen aukar gradvis til den når toppnivået om fem år.
Publisert: Publisert:

Heime på garden Ramsen har Sverre Vanvik planta 3500 epletre, og han skal plante like mange til. I tillegg har han 1400 morelltre i drivhus.

På tomatøya Finnøy er Vanvik i ferd med å bygge opp Stavanger kommunes største fruktgard.

– Hovudmotivasjonen min er at garden eg har er veldig liten. Frukttre gir god verdiskaping på lite areal, seier Vanvik.

Solid grunnarbeid

Gardsnamnet Ramsen kjem kan hende av at det tidlegare vaks ein del ramslauk der naturleg, Nordens kvitlauk. Samla areal er berre 100 dekar, der kring halvparten er beitemark.

– Mykje av arbeidet har vore å få til eit jamt og uniformt underlag med god drenering, seier Vanvik.

Kart der Sverre Vanviks gard Ramsen er markert med gult. Garden ligg like nord for Hesby kyrkje på vestsida av Finnøy.

Han har sprengt ut noko fjell og brukt sprengsteinen som drenerande massar. Han har investert ikkje så lite. Akkurat kor mykje vil han ikkje sei i avisa:

– Eg har leveringsavtale med Gartnerhallen og Bama. Eg startar med å selje konsumeple. Så ser eg kva som er mulig å få til av eigen vidareforedling etter kvart. Her er det fleire muligheiter, som cider og juice, men det ligg fram i tid.

Til nå har Sverre Vanvik planta kring 3500 epletre, og han skal plante like mange til. Mykje arbeid har gått med til å få eit jamt underlag med god drenering.

Med ti kilo eple per tre reknar han med å kunne hauste 70 til 80 tonn eple i året når alt har etablert seg. Ein risikofaktor er haglebyger, ein annan vestavinden inn frå Boknafjorden. Han vurderer å plante ein hekk mot vinden.

Inspirert av Hjelmeland

Golf gartneri på Ombo har ein del eple. Jo Arild Tønnesen i Randaberg har ein del eple pluss plommer og stikkelsbær.

For verkeleg å finne eit fruktmiljø har Vanvik reist til Hjelmeland og Hardanger.

– Geirmund Helgøy har vore veldig delaktig i planane mine, seier Vanvik.

Geirmund Helgøy driv fruktgard på fruktøya Helgøy i Hjelmeland og har blant anna stått i spissen for samvirkeorganisasjonen Ryfylkefrukt.

– Det er eit godt miljø for kunnskapsdeling i Ryfylke, og i tillegg har Norsk Landbruksrådgiving forskjellige ordningar. Eg har god tru på at eg skal få den hjelpa eg treng, seier Vanvik.

Eden og Fryd

Eplesortane han plantar heiter Eden, Fryd, Julka og Bramley. Utanom Bramley er dette nye sortar som fruktgrossist Bama har sagt dei vil ha. Eden og Fryd er Bamas eigne merkevarenamn på to eple som dei siste åra er drivne fram gjennom eit internasjonalt utviklingsprogram i Nederland. Om dei to eplesortane skreiv Gartnerhallen dette i 2021:

«De to tronarvingene ligger an til å lede en formidabel satsning på norske eple i årene fremover.»

Årets eplehaust på Ramsen var mest symbolsk. I vår blei dei fleste blomane knipne av for å gi trea mest mulig krefter til å rotfeste seg.

Eden og Fryd skårar høgt på både smak og resistens mot sjukdomar, blir det sagt. Høg resistens mot sjukdomar minskar behovet for sprøyting. Kritikken har gått på at dei nye epla fortrenger gamle gode sortar som Åkerø.

Vanvik er uansett med på framtidslaget til Bama, giganten som styrer kring 70 prosent av den norske frukt- og grøntmarknaden.

Eigen plan

Til dagleg jobbar Vanvik som fagleiar for kraftfôr i Felleskjøpet med kontor i Hillevåg. Den jobben har han tenkt å fortsette med ved sidan av fruktgarden.

– Om vinteren er det beskjering, men det skal gå greitt. I haustingssesongen frå juli til september kjem eg til å trenge ekstrahjelp, seier Vanvik.

Når epletrea først er etablert, kan dei bere i 15 til 20 år og fruktgarden drivast med relativt liten innsats.

Morellane kjem i juli. I august og september kjem epla.

Øyposten har spurt nestor Geirmund Helgøy på Helgøy om korleis han ser på potensialet for fruktdyrking i Finnøy og Rennesøy.

– Klimatisk skal det ikkje vere utfordringar, seier Helgøy:

– Utfordringa er nok leveringsavtalar. I Rogaland er det vel berre Nordgrøn (Coop) og Gartnerhallen (Norgesgruppen) som kan ta imot større volum. Akkurat nå er det meir enn nok frukt i Rogaland og landet generelt, så då må ein eventuelt ha ein eigen plan for omsetjinga.

Publisert: