FINNØY: Det kan bli gang på byggefeltet Golhaug på Finnøy, nå når finansieringa av gang- og sykkelvegen frå Fåhadlet til Nådå er på plass.

Navnforslaget på vegen opp til det nye byggefeltet blei fremja av Nils Petter-Flesjå (h) på vegne av Ap, Høyre, Sv og KrF, og kommunedelsutvalet bed om at saka kjem tilbake for endeleg innstilling etter at Språkrådet har sagt sitt.

Kommunedirektøren har tilrådd Kalvamyrvegen eller Kalvamyrbakken som navn på vegen opp til det nye byggefeltet. Det er i samsvar med forslaget frå Språkrådet, som påpeikar at vegen til byggefeletet vil kryssa ei myr som ber namnet Kalvamyra.

Finnøy historielag og utbyggjar skulle helst sett at vegen skulle hatt Golhaug i navnet, men etter kommunen si vurdering er det ikkje eit godt alternativ, då dette navnet alt er i bruk på Sokn i Rennesøy kommunedel.

Her kjem det nye byggefeltet. Foto: Arkiv

Historielaget har difor foreslått Vigebakkjen eller Vigebakken, som er omtalt i «Finnøy gards- ættesoge», og som har lokal forankring. Alternativt forslag utan lokal forankring er Fagerlivegen.

Vigebakkjen, Vigebakken, Fagerlivegen og Fagerli blei sendt på høyring til Stadnamntenesta på Vestlandet, som uttalar at Vikebakken er rett skrivemåte. Vikebakken blir likevel for likt vegnavna i Vikevåg. Tidlegare leiar og nestleiar i den gamle vegnamsnemda i Finnøy blei kontakta for å finna andre aktuelle navn.

Det blei foreslått å knyta nytt vegnavn opp mot det lokale navnet Kalvamyra. Dette nedarva stadnavnet er registrert på nettsida lokalnamn.no og er godt kjent for dei som i dag bur i Vika, heiter det frå kommunen si side.

Stadnamntenesta meiner det er tilrådelig å nytta både Kalvamyrvegen og Kalvamyrbakken. Kommunen ba også om Stadnamntenesta sitt syn på å nytta vegnavn basert på Golhaug, noko dei meiner ikkje er tilrådeleg.

Leiaren i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland (sp) foreslo «Heidevegen» og «Kålgata» som namn, men det fekk bare støtte frå partiet Rødt.