Laurdag ved lunsjtider stoppa ein buss i Judaberg sentrum med mange kjente fjes frå Stavanger bystyre.

– Alle fleirtalspartia er på tur. Me bygger laget, seier ordførar Sissel Knutsen Hegdal (H).

– Me skal innom alle dei ni kommunedelane i Stavanger i dag, held ho fram.

På Judaberg var dei innom Finnøy Pizza.

Ein time tidlegare var bussen innom Tommys kjøkken på Sokn for å plukke opp ordføraren som hadde halde eit innlegg på årsmøtet til Sør-Rogaland Fiskarlag.

Ordføraren har hytte på Nord-Hidle og planlegg å ta med seg politisk leiing til Sjernarøytunet ein gong, fortel ho, og då i eit litt lågare tempo.