Fylkesutvalget går for gratis ferjer frå 28. september

-Ein gledens dag, syntes fleire fylkespolitikarar, då fylkesutvalget tysdag vedtok at Finnøysambandet og Ryfylkeferja skal bli gratis for bilar og passasjerar frå 28. september.

Det blir gratis ferje i Finnøysambandet og på Ryfylkeferja frå neste veke.
Publisert:

STAVANGER: Endeleg vedtak skal gjerast i fylkestinget måndag, men det er nå ingen tvil om at det blir gratis ferje i dei to sambanda, blei det understreka.

-Viss det ikkje ville vore mulig å innføra gratis ferje frå 28. september, hadde me vel fått tilbakemelding om dette frå administrasjonen. Me må difor gå ut frå at arbeidet med å innføra gratis ferje frå denne dato er godt i gang, sa Aps Tom Kalsås under debatten.

Både Høyres Ole Ueland og Mdgs Alexander Rügert-Raustein ville i utgangspunktet brukt pengane annanleis, men begge røysta like vel for forslaget om gratis ferjer i dei to sambanda.

Forskjelsbehandling

Arne Bergsvåg (Sp)

-Me kunne tenkt oss desse pengane blei brukt annanleis, slik at me hadde sluppe forskjellsbehandling mellom ulike ferjesamband, sa Alexander Rügert-Raustein mellom anna.

Ole Ueland peika på at det var kome henvendelsar både frå Vassøy og Kvitsøy, som også ville ha gratis ferjer.

Frode Myrhol i Folket Parti ville ha alle ferjesamband i fylket gratis, uavhengig av kor mange reisande det er, betalt av staten. Men dette forslaget fekk bare stemmene frå han sjølv og Frp.

Frp ville ha alle samband med færre enn 100.000 reisande gratis, men dette fekk heller ikkje tilslutning frå andre enn Frp og Folkets Parti.

Enstemmig

Dermed slutta alle seg til forslaget om at det skal bli gratis ferjer i Finnøysambandet og på Ryfylkeferja frå 28. september, om ei veke.

Arne Begsvåg (sp) var blant dei som gledde seg over vedtaket.

-Dette er ein gledens dag, dette er ei sak som har vore viktig for oss. Me fekk litt pepar fordi det ikkje blei innført frå 1. juli, men nå skal det innførast frå 28. september, understreka Bergsvåg, som la til at sjølv om det blir tronge budsjett framover, så skal arbeidet med gratis ferjer gå vidare.

Sjølv om vedtaket handla om gratis ferjer, så avla Bergsvåg også hurtigbåten ein visitt.

-Det er både andre takstar og andre aldersgrenser på båt i forhold til buss. Dette er ei sak me må koma tilbake til, sa Bergsvåg mellom anna.