«Heilt kanon»! under 100-års festen for butikken i Helgøysund
Det var stor stemning, venteliste for å koma inn, gratis mat og god musikk då butikken i Helgøysund feira 100-års jubileet i helga.
HELGØYSUND: -Det er imponerande kor mange som ville bli med på festen, midt på vinteren, seier Daniel Nedrebø til Øyposten.
Dørene åpna i seks-tida laurdag kveld. 130 hadde meldt seg på, og då stod det til og med 30 på venteliste. Det var også ein god del båtar i båthavna, og folk i hus og hytter.
Gjestene som kom fekk servert wraps og smørbrød, gratis i anledning jubileet.
Kom for festen
Mange Øyposten snakka med kom eins ærend for å vera med på jubileumsfeiringa.
Blant dei som var til stades var Tone Larsen frå Stavanger. Morfaren hennar bygde hytte i området i 1953, og ho har omtrent «vakse opp» i Helgøysund.
-Det er dei kjekke folka på staden som gjer at eg er her så ofte eg kan. Eg hugsar gamle Ola Nygård, og Daniel er fortsatt med sjølv om dottera, Oddfrid Nygård Nedrebø, nå har overteke. Det er flott, meiner ho.
-Då eg var liten og gjekk på butikken, kunne eg bare levera lappen på disken, og så fekk eg dei varene som var notert. For meg var det ein selvfølge å vera med på feiringa av 100-års festen, seier ho.
Veninna Else Aksland tykkjer også jubileet er vel verd ei feiring.
-Me handlar på butikken her når me er på hytta, og ynskjer å støtta opp om han så godt me kan. Det er viktig å behalda nærbutikken, slår ho fast.
-Heilt kanon
Stig Kjetil Sørbø frå Rennesøy og Marlen Vildalen frå Kristiansand handlar i baren, og kosar seg på festen.
-Det er kanon stemning, seier Marlen Vildalen.
Det var rigga til med telt i forlenginga av restauranten på Helgøysund, og rundt klokka ni om kvelden gjekk Ole Alexander Mæland og gitarist Rolf Kloster på scena.
Dei to hadde eit forrykande show, og det rykte også i dansefoten til mange, som svinga seg på dansegolvet ut over kvelden.