Lars Tore Klepsvik og Rebecca Egeland håpar at biblioteket ikkje blir stengd lenge, men er glade for at arrangement kan gå som normalt. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Me fekk vite om det allereie på torsdag, så det har jo surra i over eit døgn no, seier Rebecca Egeland som er bibliotekar ved Rennesøy bibliotek.

– Me veit ikkje noko om kva som kjem til å skje framover. Kanskje vil me bli omplassert til andre avdelingar av Sølvberget, men sjølvsagt vonar me at det vil kome ei løysing som gjer at biblioteket kan halde opent. Rennesøy treng jo biblioteket. Dette er ikkje ein god situasjon.

Ho seier at det er viktig at alle som har bøker til avhenting, hentar desse i løpet av helga.

– På måndag vil du møte stengd dør. Me kjem heller ikke til å ha meiropent i denne perioden. Det vil framleis vere mogleg å levere inn bøker i bokkassa på Coopen.

Lang trapp

For å kome inn på Rennesøy bibliotek, må ein gå opp ei trapp til andre etasje i Meieriet. Planane var allereie å flytte biblioteket inn i bankdelen av bygget, men alt dette har vore sett på vent medan det skulle vedtakast politisk kva som skulle skje med bygget.

Det har lenge vore kjend at bygget treng oppussing, men diskusjonen har gått på kor mykje rehabilitering kommunen ville ta seg råd til.

Vidare seier Egeland at heisen har vore i ustand sidan våren 2023, og at prisen på reparasjon den gong blei sagt å bli på rundt 250.000 kronar.

– Det har jo snart gått eit år, og no er det mogleg blitt enda dyrare, påpeiker ho.

I andre etasje i dette bygget ligg Rennesøy bibliotek, som ikkje lenger får halde opent. Foto: Silje Talgø Klakegg

Saka trenerast

Lars Tore Klepsvik, som også arbeidar ved biblioteket føyer til at saka har blitt trenert mange gonger.

– Heile bygget har gått på sparebluss medan ein ventar på oppgradering, og no ser me konsekvensane av det.

Neste veke skal det vere synfaring i det gamle bankbygget for å sjå om det er mogleg å få fortgang på flyttinga dit.

– Me håpar at kommunen klarer å finne ei førebels løysing på utfordringane. Det er klart at bygget skal vere universalt forma ut slik at alle som vil på biblioteket skal få gå på biblioteket. No må dei berre få ein fortgang på det, for stenging er inga god løysing, meiner Egeland.

– Kanskje dei finn ut at dei vil reparere heisen. Då kan me jo snart opne att, seier ho.

– Eller kanskje me kan flytte ned i bankbygget snart. Det er i alle fall sikkert at bibliotek skal me ha på Rennesøy, så noko må jo gjerast. Helst i går.

Ingen avlysningar

Klepsvik fortel at dei vil køyre arrangement som planlagt.

– Då nyttar me første etasje, og den er mogleg å nå, også for dei som ikkje kan gå i trapper.

– Me skal ha ei rekke arrangement framover, legg Egeland til.

– Hadja Tajik kjem for å prate med Oddvar Vignes om den nye boka si, og Odd Karsten Tveit skal halde bokprat. Heldigvis nyttar me første etasje, sånn at me ikkje treng å avlyse.