I oktober stod sjøen godt over moloen då ferja blei omdirigert til Hanasand. Følg med på meldingar frå ferjeselskapa i tilfelle endringar i anløp. Foto: Silje Talgø Klakegg

Eit stormsenter frå Island vil nå vestkysten av Norge, forsterkast, og føre til mykje vind torsdag ettermiddag og kveld.

Vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane fortel til Øyposten at ein ikkje bør bli overraska viss det oppstår endringar i ferjetrafikken torsdag.

– Eit oransje farevarsel er alvorleg, og det kjem til å blåse godt over fjorden, seier ho.

– Det vil starte som austleg vind inn i Boknafjorden til torsdag, og utover dagen vil vinden auke til sterk kuling til liten storm frå nordvest. Det er ikkje usannsynleg at det kan bli forseinkingar i ferjetrafikken i og over Boknafjorden.

Ho legg til at Finnøysambandet er komplekst med kaiar som vil påverkast ulikt av vind frå ulike retningar.

– Det beste er å følgje med på meldingar frå ferjeselskapa.

Til dei som skal reise på torsdag, seier ho følgjande:

– Vurder om du må reise akkurat på torsdag, eller om reisa kan utsetjast til fredag. Det kan bli kanselleringar eller endring av kai for anløp som kan forlengje reisa, så uansett må du vere førebudd på dette, og rekne god tid om du skal ut å reise.

Regiondirektør Tor Kristoffersen i Fjord1 seier til Aftenbladet at de foreløpig ikkje har planlagt ruteendringar eller endra anløp ved sambandet over Boknafjorden.

– Dette blir vurdert fortløpande ut frå vindstyrke og retning. Vi oppfordrar folk som skal ut og reise til å rekne med god tid, seier han.

Slik blir vêret på Mortavika på torsdag. Det er framleis usikkert om ferjetrafikken vil bli påverka. Foto: Skjermbilete frå yr.no
Slik blir vêret på Judaberg på torsdag. Foto: Skjermbilete frå yr.no