Fylkesvegen i det bratte terrenget sørvest på Finnøy har vore stengt sidan onsdag 20. desember etter at det gjekk eit steinsprang ut i vegen dagen før.

Prognosen var først av vegen ville opne att etter to dagar, men så fort gjekk det ikkje.

– Geolog har vore på staden og laga ein rapport som me jobbar vidare med, seier byggeleiar Anne Karin Gundersen i Rogland fylkeskommune:

– Me beslutta å halde vegen stengt på grunn av værforholda som var meldt med mykje nedbør og skiftande temperatur.

Vegvesenet melder at vegen vil vere stengt til over nyttår og at dei vil gjere ei ny vurdering tysdag 2. januar klokka 14.00.

Bilete av steinsprang i Kvitevikvegen tatt tysdag 19. desember klokka 05.32. Foto: Lesarbilde

Kart som viser det rasfarlege området langs Kvitevikvegen: