Får 1. juli tilbyr kommunen restavfallsdunkar på 60 liter berekna på små hushaldningar, eller til dei aller ivrigaste på kjeldesortering.

Målet er å få flest mogleg til å kjeldesortera mest mogleg. Jo meir ein klarer kjeldesortera, jo mindre blir renovasjonsrekninga.

Mykje billegare

Mange kommunar har på eige initiativ innført ulike system som eit verkemiddel for å sikra at hushaldningane bidreg til meir kjeldesortering.

I Stavanger kommune verkar det slik at innbyggarane betalar for storleiken på restavfalls-dunken; det kostar meir å ha 140 liter enn å ha 80 liter, og endå meir om dunken tek 240 liter. Og ganske mykje mindre for den nye 60-liters dunken.

– Eg veit ikkje ennå kor stor reduksjon i gebyret ein 60 liters dunk utgjer. Når det er sagt vil eg tru at denne dunken passar best for åleine-husstandar, med mindre ein er svært god på kjeldesortering, seier seksjonssjef for renovasjon i VAR-avdelinga, Tor Larsen.

Også når det gjeld den brune dunken er det pengar å spara for dei som er flinke å sortera.

– Det stemmer. Kan du varmkompostera mat- og hageavfallet, vil det gi utslag på renovasjonsgebyret. Kommunen gir og støtte til kjøp av fleire typar heimekompostering, opplyser Larsen.

Dyrare restavfall

Forslaget om å skru til avgifta på restavfall skal bidra til det same: At meir av det som vert kasta, blir gjenvunne til nye material, og at mindre dermed vert brent. Noreg har kort tid på å oppfylle eigne og EU sine mål i det grønne skiftet: Innan 2035 skal 52 prosent av plastavfallet frå hushaldningane materialgjenvinnast, mot 23 prosent i 2016.

Frå i år er alle kommunar pålagt å sortera ut mat- og plastavfall til gjenvinning.

“Økt bruk av gebyr-differensiering kan være et svært viktig og kostnadseffektivt virkemiddel for å sikre at husholdningene bruker systemene på en god måte (…) Det vil bidra til at Norge nærmer seg EUs materialgjenvinningsmål”, heiter det i Miljødirektoratet si anbefaling til regjeringa i fjor sommar.