Sjukeheimen på Finnøy skal byggjast ut..

FINNØY:

Frp fekk bare sine eige stemmer til forslaget om å utsetja bygginga, lysa prosjektet ut på nytt anbud, men godkjenna at grunnarbeidet kan begynna.,

Høyre fekk støltte frå Krf og Venstre om å vurdera utbygginga som ein del av ein større sjukeheim med plass til 100 bebuarar og meir. Den foreslåtte utbygginga skal gi 20 nye plassar, og med gamlebygget vil sjukeheimen då ha 40 plassar.

Fungerande ordførar Dagny Sunnanå Hausken viste til at behovet for ein ny sjukeheim på Finnøy er stort.

-Det blir ikkje billegare av å venta med bygging, det er bare å gå i gang, sa Sunnanå Hausken, som var skeptisk til å byggja ein stor sjukeheim på Finnøy i forhold til reisetid både for tilsette og for pårørarde.

Heller ikkje Rødts Sara Mauland tykte ein stor sjukeheim på Finnøy var eit godt forslag, og viste til at kommunen har som ambisjon å få ned bruken av privatbil.

Høyres Kristen Høyer Mathiassen hevdal at utbygginga ville få ein prislapp på 12 millionar kroner per sjukeheimsplass, noko han tykte var svært kostbart. For å få ned kostnadane vil Høyre difor vurdera utbygginga som ein del av ein større sjukeheim på Finnøy.

-Dette er ei sak me har arva frå Finnøy kommune. Den ligg også i intensjonsavtalen, som me er innstilt på å følga opp. Men me er skeptisk til dei høge kostnadane, sa Høyer Mathiassen.

Venstres Mette Vabø syntes utbygginga var "alt for dyr", sjøl om også Venstre blei med på fleirtalsvedtaket

Det einaste lokale firmaet som, har fått napp i dei 15 kontraktane som utbygginga var splitta opp i, er Rørheim Maskin, som skal ha grunnarbeidet.

-Me har vore spent kva resultatet blei av den politiske behandlinga, men har heile tida trudd det skulle gå bra. Me er klar til å i gang, seier Alf Magnar Rørheim til Øyposten.

Husbanken har sett som frist at arbeidet må koma i gang i april, for at prosjektet kan få støtte derifrå. Vedtaket i formannskapet torsdag inneber at også ekstrakostnaden på 8.5 millionar kroner skal dekkast inn.