Saman i bønn for Ukraina

Med bakgrunn i situasjonen i Ukraina held enkelte kyrkjer i Finnøy og Rennesøy ope på visse tidspunkt slik at folk kan komma saman og be for Ukraina.

heile verda ber Ukraina, og mange kvar dag mellom klokka 1600 og 1700.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY-RENNESØY:

Salme 31 har blitt ei felles bønnesalme for det ukrainske folket, og i kyrkjer og gudshus, i bomberom og i kjellarar over heile verda ber folk denne bøna kvar dag mellom klokka 1600 og 1700 i eit globalt bønefellesskap. Både kristne og jødar, som enkeltmenneske og i fellesskap.,

-Dette er ei påminning til oss og ei tid for stillheit, bøn og fellesskap i ei utfordrande tid, seier dagleg leiar i Kyrkja i Finnøy, Heidi Bø Sangedal.

Førebels er det kyrkjene på Fogn og Talgje i Finnøy som er opne for fellesbønn. På Fogn er det ope kvar måndag mellom klokka 1600 og 1700 og på Talgje sundagar klokka 2030. I Rennesøy er det kapellet på Austre Åmøy som held ope for bøn, men me har ikkje lukkast å få tak i opningstidene.

- Kyrkjene i Norge er alvorleg bekymra for befolkninga og situasjonen i Ukraina. Store delar av befolkninga er på flukt eller går i dekning. Det er ei heil verd som går saman i bønn for Ukraina,

skriv Norges kristne råd (NKR) på sine nettsider.

Publisert: