Finnøybuar skriv villig under mot luftlinjer

Aksjonsgruppa som samlar underskrifter mot «monstermaster» og luftlinjer på Finnøy, møter stor velvilje på øya. Finnøybuar skriv villig under på protestlista.

Reinert og Sissel Bokn er blant dei mange som skriv seg på protestlista mot luftlinjer over Finnøy.
  • Rune Nedrebø
Publisert:
-Det er heilt horribelt, tykkjer Astri Birketvedt Engelsgjerd. Tor Eggebø viser henne bileta som aksjonsgruppa har fått laga av korleis kraftlinjer i lufta over Finnøy vil sjå ut.

FINNØY: Sissel og Reinert Bokn er blant dei som teiknar seg på lista, når Tor Eggebø dukkar opp på Reilstad med underskriftsliste og informasjonsmateriell.

-Me vil ikkje ha luftlinjer. Eg er mot vindmøller også eg, seier Reinert Bokn, medan Sissel legg til at det er meir framtidsretta å leggja den nye kraftforbindelsen over øya som kabel i bakken.

-Tru de dette nyttar?

-Ja, det trur eg. Det er godt at nokon engasjerer seg i denne saka, slår Reinert Bokn fast.

Kjell Emil Berge har ei fullteikna liste å visa fram, då han møter kollega i aksjonsgruppa, Tor Eggebø.

Aksjonsgruppa har delt øya mellom seg, og Tor Eggebø har oppgåva med å banka på dører på strekninga Reilstad-Nærland. I tillegg er det i underkant av 20 andre som går andre plassar på øya. Også på Fogn er det innsamling av underskrifter.

Øyposten var med Eggebø på litt av runden, og alle han traff på var meir enn viljuge til å skriva under.

Astri Birketvedt Engelsgjerd har hytte på Reilstad, og ho var ikkje vanskeleg å be. Ho tykkjer planane om luftspenn over øya er heilt «horrible».

-At dei kan gjera noko slikt. Det kjem til å øydeleggja Finnøy, men natur tel tydelegvis ikkje så mykje i denne samanheng. Dei vel bare den enklaste løysinga, meiner ho.

Kjell Emil Berge, som også samlar underskrifter på Reilstad, har fått mange ja til å stå på lista. Han har alt ei full liste å visa fram.

-Det har bare vore ja alle stader, folk vil ha dette i jorda, seier Berge om den nye kraftforbindelsen.

-Slik er det over alt, folk skriv under, seier aksjonsleiar Arild Flesjå.

-Dette går slik me håpar på. Det er ein samla front mot planane til Lnett, seier Flesjå, som er imponert over innsatsen til dei som går rundt for å samla underskrifter.

-Det er veldig god innsats. Der kor me ikkje finn folk heime, tek me ein ny runde dagen etter, seier Arild Flesjå.

  1. Finnøy