Ekstraferje blir sett inn i finnøysamabandet i løpet av føremiddagen

«Hidle» fekk tekniske problem i går kveld og er tatt ut av drift frå i dag av.

Det var mykje forvirring på kaia på Judaberg i dag tidleg. Ingen visste kor ferja skulle hen før den låg til kaia.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Inntil ekstraferja blir sett inn, betjener «Ombo» både rute 1 og rute 2.

– Me gjer det på denne måten slik at alle øyane skal få anløp utan altfor mykje forsinkingar, opplyser driftsleiar på ferjene, Annette Røberg.

Problem med propell

Øyposten snakka med reisande frå Oslo som fekk beskjed frå Kolumbus då dei kom til kaia på Judaberg i dag tidleg at alle alle avgangane til Fogn ville bli kanselerte i dag. Kanskje ville den siste avgangen gå.

Røberg opplyser at det er problem med ein av propellane som er årsaka. Ho veit ikkje kor lang tid det kan ta før ferja er i rute igjen.

– Det kan skje i dag, men det kan og ta to dagar, me veit ingenting ennå.

Norled kan heller ikkje sei sikkert når Sjernarøy blir sett inn i drift, men den skal overta «Hidle» si rute 1.

Saknar informasjon

Då Øyposten kom på kaia på Judaberg for å sjekka situasjonen i dag rundt klokka 0900, låg Ombo til kai og venta på beskjed frå leiinga om dei skulle gå nord-eller sørover. Ettersom det var flest bilar nordover, blei det slik. Dermed måtte turistane frå Oslo venta tålmodig vidare.

– Me har ikkje fått beskjed om når me kan venta å komma oss over fjorden til Fogn. Eg tenker at Norled har litt å gå på i forhold til kommunikasjon. Ikkje alle veit dei må sjekka driftsmeldingane.

Synnøve Bjerga står i ferjekø og skal til Sjernarøy og Ombo med post. Vanlegvis køyrer ho posten på Randaberg, men trør til andre stader når det trengs.

– Nei, eg var ikkje klar over at ferja var innstilt. No veit eg ikkje kor lenge eg må venta her, men det ligg an til at posten på øyane blir forsinka i dag.