Hjå Iren Vestersjø Hidle,på Nord Hidle i Sjernarøy har heile 10 sauer stroke med,og på naboøya Ombo,hjå sauebonde Marit L.Sinnes, har minst seks sauer blitt forgifta og døydd fram til no.I går fann også Arvid Bjerga ein av sine sauer død i Vika på Finnøy av same grunn.Han har også tidlegare mista ein sau av same orsak.No oppfordrar Animalia og Veterinærhøgskulen si avdeling i Sandnes,som har obdusert fleire av sauene,både sauebønder og andre som framleis har husdyr gåande ute på beite,om å vera spesielt oppmerksomme på denne faren.