Vil laga krigsminne-løype på øyane

Aps Dag Mossige vil laga ei krigsminne-løype av byggverka frå krigens dagar på Finnøy, Rennesøy og på Nord-Jæren. Etter hans meining ligg det eit stort potensial i byggverka til å få folk ut på tur og til å spre kunnskap om ein viktig del av lokalhistoria.

Aps Dag Mossige vil laga ei krigsminneløype, som mellom anna omfattar det tidlegare militæranlegget på Fjøløy.||-Slik som dette kan det gjerast meir av, meiner Dag Mossige, og studerer informasjonen om Fjøløy fort.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FJØLØY FORT: 

-Sjå på dette landskapet, for ein beliggenhet, seier Aps gruppeleiar i Stavanger, då Øyposten møter han på det som ein gong var Fjøløy fort.,

Fortet blei anlagt av tyskarane under andre verdenskrig, og hadde som oppgåve å vakta innseilinga til Stavanger.

I dag er dette eit ynda friområde, men minnene både frå krigens dagar og tida etterpå, då fortet var på norske hender, er framleis i stor grad til stades.  Her er både kommandoplasser, bunkersar og brakker.

Det tidlegare militærområdet er godt skilta, med opplysningar om den aktiviteten som var her før.

Mossige meiner Fjøløy er eit godt eksempel på korleis slike områder kan tilretteleggjast for turisme.

-På Finnøy er det tyskeholene på Vignes, som det også er gjort mykje ut av. Men eg saknar ei full oversikt over kva som finst av krigsminne i området, både på øyane og på Nord-Jæren, kva stand dei er i og om noko kan gjerast for å gjera dei meir tilgjengelege, seier Mossige til Øyposten.

 -Slik som dette kan det gjerast meir av, meiner Dag Mossige, og studerer informasjonen om Fjøløy fort.

Han ser i første omgang for seg at det kan lagast ei krigsminne-løype i form av eit digitalt kart kor det som, finst frå krigens dagar er avmerka. Han ser også for seg skilt med opplysningar om kva aktivitetar som på dei ulike plassane, og eventuelt gjenåpning av anlegg som i dag er avstengt eller lukka.

-Mange av desse anlegga ligg utruleg flott til, som her på Fjøløy. Det kan bidra til at folk kjem seg ut på tur, og til at folk frå byen blir betre kjent på øyane, seier Ap-politikaren, som sjølv har vore ein flittig gjest på øyhopping i kommunen i sommar.

Han understrekar at arbeidet med ei slik krigsminneløype må skje i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og grunneigarar,

-Er det fortsatt interesse for krigshistorie, trur du?

-Ja, skal me dømma etter alle bøkene som kjem ut om temaet, trur eg nok det. Det er den mest dramatiske delen av våre nyare historie som me ikkje blir ferdige med. Eg trur mange historieinteresserte vil ha glede av at dette blir betre tilrettelagt og samordna, meiner Dag Mossige.

Til første møtet i utvalet for kultur, idrett og samfunnsdialog har han med seg forslag om at kommunen skal sjå nærare på dette.

Publisert: