Den nye høgspentkabelen skal gå under fjorden frå Hjelmeland til Ombo.

STAVANGER:

Det er behov for meir starum i Ryfylke, mellom anna som ein følge av elektrifisering av ferjene. Lyse Elnett skal derfor foreta større ombyggingar for å auka kapasiteten.,

I Hjelmeland skal det byggjast ny trafostasjon, og derifrå skal det leggjast nye hølgspentledningar. Ein av dei er til Ombo. Den skal gå i sjøen frå Hjelmeland til nord for Skipavik på Ombo, og skal også betra straumforsyninga til Sjernarøyane og Finnøy.

Planen er å leggja den nye sjøkabelen i september, då det er leggefartøy i området.