Judaberg før i tida, det er denne tida Harad Faa skriv om i dette kåseriet.|Harald Faa

FINNØY:

Ja, godtfolk, alt forandrar seg, både eg og du. Nokon til det bedre og andre til det endå bedre.,

I svundne tider hadde vi skomakar her på Finnøy. På Steinnesvåg var det Kondratt Landa som tok seg av skorne til vestsibuen. På Judaberg var det ein skomakar Vatland. Han helt til i kjellaren til Oliana ( Gabriel ). Der budde han og kona bak eit forheng, men tuberkolosen hadde og flytta inn. Det var veldig uhelsikt, verkstaden hadde blitt stengt i dag.

I dag er det ingen som sålar sko lenger, i dag går dei på gummisålar.

Ein ny skomakar kom til Judaberg ( Faa ). Ja, ein verkeleg skomakar frå Fister, som kunne jobben sin. Fekk han dårleg lær frå byen, ja då reiste han sjølv til byen og tok ut det læret han ville ha. Det var ikkje den ting han hadde vore med på. Han fortalte om ein hest dei hadde i Fister, som var både stor og sterk. Den kunne dra tømmerstokkar store som frå Reilstad til Judaberg. Når den drog, var det som å sjå Fjorddrott i bauen. Og selen var ikkje av heile året!

Fridde med to appelsiner

Navnet på skomakaren var Åge Solberg. I sin ungdom rodde han til Fågen på friarføter, han hadde funne ei dama som heitte Tea. Han hadde ein koffert med seg, i den hadde han to appelsiner. Noko måtte han jo fri med, men det viste seg å vera nok – han fekk si Tea.

Harald Faa

Tilbake til Fister, der han sikkert var ein av bygda sine store heltar, han vann over det han prøvde på. Det var ein doktor (vikar) her på Finnøy. Han var uheldig, slo seg i hovudet, og fekk ein liten hjernerystelse. Då blei Solberg overgitt, tenk hjernerystelse. Han sjølv kjørte ein gong ved oppi Fisterheiane, der nevnte hest som han hadde temt, blei skremt. Sjølv for han ned eit fjell på 14 fabnar, og landa med hovudet mellom to store steinar og ein åreronde. Han hadde ikkje tid til å tenkja på hjernerystelse, han måtte finna hesten, som var borte. Åge ville gjerne få veden heim, så han lagte ei av dei største vedabørene som nokon gong er lagt. Åge fekk børa på ryggen, den var så stor og tung at han trødde fleire tåmar ned i fasta fjellet, men veden kom heim. Hesten fann har først eit halvt år seinare, så den måtte temjast på nytt.

Tok stuten til byen i robåten

Når hausten kom, skulle Åge til Stavanger med ein stor stut. Han fekk den om bord i ein stor robåt, ja, han sa det sjølv, stuten målte tolv kvartel. Til byen kom han og leverte stuten på slakthuset, til stor begeistring.

Nå var han flytta til Finnøy, og starta sin praksis. Når du kom, fekk du ei leksa om kor stygt skorne blei brukte, dei burde gått på skule for å læra rektig skobruk.

Dette var under krigen og dermed lite skråtobakk. Åge ville ha skrå. Ein kunde kom med sko til reperasjon, han fekk passet påskreve, Åge var verkeleg sur. Men kunden hadde med ein stor tobakksrull, han sa versågod, og det var som himmelen åpna seg, tonen blei ein heilt annan. Det var ein helt han hadde framfor seg, Åge var blitt som eit nytt menneske.

Mykje større lass i Fister

Åge likte å snakka om sin ungdom. Nabokona var på besøk då ho fekk sjå ein tusenseddel. Ho spurte Åge om ho kunne få halda i den. Og elles viss han såg folk som gjekk forbi og han fekk vita kven det var. Ja, sa Åge, mon eg ikkje skulle løysa dei ut. Folk hadde eit klengenavn på han, han gjekk under navnet Blinken. Det kom ein gutt frå Reilstad med sko til såling som ikkje hadde høyrt noko anna navn. Då han ringte på døra, og den blei åpna, då spurte gutten om det var her Blinken budde. Dette var det galnaste han kunne gjort, døra blei smelt igjen. Om sommaren hadde Åge eit godt auge med oss i slåtten, han kritiserte far for dei små høylassa. I Fister var det skikkelege høylass som det tok minst tre dagar å lessa opp på den store hesten. Den drog lasset til låven og det gjekk minst to dagar å lessa av. Dette var virkelege Fisterlass.

Åge var nøye på alt. Kaffi skulle han ha kl. 3.00, ikkje fem på eller fem over. Men dei kom til livet sin slutt begge to. Tea blei blind. Bygdafolk var og såg til dei på slutten. Det var ingen gamleheim dengong. Dei som huskar Åge Solberg og frue har sikkert nokre gode minner etter dei.

Harald.