Øyulf Hjertnes er styreleiar i Øyposten.

FINNØY:

-Konkurransetilsynet ga sitt samtykke for halvanna veke sidan, og formalitetane er dermed i orden for kjøpet, opplyser Øyulf Hjertnes til Øyposten.,

Hjertnes er styreleiar i Schibsted Kyst, paraply-selskapet for Schibsted sine lokal- og regionaviser.

Som ein følge av at Schibsted nå overtek som hovudeigar av Øyposten blir det også oppnemnt nytt styre. Det nye styret blir:

Øyulf Hjertnes, styreleiar, Bergen

Stephan Dickinson, Finnøy

Anita Sandal Lærum, Kristiansand

Richard Kjønnhaug, Sandnes

Anita Sandal Lærum er styreleiar i Lokalavisene AS, Schibsted-selskapet som eig fleire lokalaviser rundt Bergen pluss Øyposten. Richard Kjønnhaug er salgssjef i Schibsted sin annonseorganisasjon i Stavanger, og har sin daglege arbeidsplass i Stavanger Aftenblad.

Schibsted på besøk i Øyposten. F.v. Redaktør i Øyposten Rune Nedrebø, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad Lars Helle, Stephan Dickinson, styreleiar i Schibsted Kyst Øyulf Hjertnes, Jon Asgaut Felsjå (Foto: Gudmund Rørheim)

Schibsted har kjøpt 80 prosent av aksjane i Øyposten, mens Stephan Dickinson beheld dei resterande 20. I handelen inngår også nettavisa Randaberg24, som er eit heileigd Øyposten-selskap. Ifølge Øyulf Hjertnes vil det nye styre ha si første samling over ferien.

-Ambisjonen er å utvikla avisene slik at dei kan veksa vidare. Men dette tek me steg for steg, seier Hjertnes.