Ein observant Øyposten-lesar meldte denne veka inn at ho hadde blitt litt forundra då ho køyrte på Ombo forleden dag. Då ho køyrde i land på Eidssund mot Jørstadvågen såg ho nemleg at ho køyrde på ein forkøyrsveg. Bjørn Kristian Røyland i Statens Vegvesen bekreftar at Fylkesvegane på Ombo har blitt forkøyrsvegar.

- Det er eit nasjonalt prosjekt, så me ynskjer å forkøyrsregulera mykje av vegnettet. Årsaka til at fylkesvegane på Ombo har blitt forkøyrsvegar, er at me har teke fylkesvegane i Hjelmeland. I og med at Ombo er delt mellom Finnøy og Hjelmeland, har me like så greitt berre teke heile øya, fortel han.

Og det er visstnok ikkje berre vikepliktskilt og forkøyrsvegskilting, det er og kvite markeringa i asfalten på Ombo. No bekreftar Røyland i Vegvesenet at også fylkesvegane i resten av Finnøy vil bli omgjort til forkøyrsvegar.

- I løpet av 2017 blir det forkøyrsvegar på dei fleste fylkesvegane i Finnøy kommune. Det vil seie Fylkesvegane som er har ein viss storleik og trafikkmengd.

- Mest alle? Blir det tatt litt på "gefühlen" då?

- Ja, men det blir som regel forkøyrsveg om det er ein gjennomgåande veg. Nokre blindvegar vil nok ikkje  bli det.

- Kva er grunnen til at de vel å gjer dette no?

- Det er eit tiltak for å få fram vikepliktsforholda betre, og gjere det tydelegare. Det har vore ei undersøking på det i Oslo, og med erfaring derfrå har talet på ulukker gått ned når dei har blitt forkøyrsregulert. Det er med på å klargjer kva som er forkøyrsrett og kva som er vikeplikt, slik at dei som køyrer på forkøyrsveg kan vera obs på andre ting enn dei som kjem frå høgre, seier han.