Frps Leif Arne Moi Nilsen (t.v.) og Tor Bernhard Harestad med det nye banneret som Ingvar Falkeid har kosta. Det vil få ei prominent plassering hos Frp under Tomatfestivalen.

FINNØY:

4000 kroner kostar det å laga banneret med budskapet "Gratulerer med bomfritt Finnøy", underskrive Frp.,

-Det er det vel verd. Det er frykteleg irriterande at dette ikkje får stå i fred. Fremskrittspartiet har spart pendlarar og barnefamiliar i Finnøy for ganske mykje pengar, og så blir dei takka på denne måten. Det tykkjer eg ingen ting om, seier Ingvar Falkeid til Øyposten.

Det nye banneret vil bli det store blikkfanget på Frp-stand'en på Tomatfestivalen laurdag, og deretter skal det på plass på traktorhengaren på Nådå.

Ingvar Falkeid understrekar at han personleg har gitt sitt bidrag gjennom mange år i bommen i Finnfast.

-Eg har kjørt dieselbil og betalt 4000-5000 kroner i månaden i bompengar. At dei innførte bompengar på elbilar, er noko som direkte rammar unge barnmefamiliar og pendlarar, seier Falkeid, som opplyser at han har stemt på Frp "like sidan Anders Lange si tid".