RENNESØY: Heimelaget dominerte totalt kampen i store delar av 1.omgang , og burde ha leia klart etter å ha spela seg til eit tosifra tal målsjansar.Men både ein god og dyktig Siddis-keeper saman med manglande presisjon frå heimelaget sine spelarar, gjorde at det utruleg nok stod uavgjort 0-0 ved halvtid.,

Andre omgang starta som den første, men ballen ville ikkje over streken til stor frustrasjon for både Mastra og publikum som hadde møtt opp på Vikevåg torsdag kveld. Og som det ofte går i slike kampar, så var det bortelaget som tok leiinga heilt på slutten av kampen, i det 81. Min.Ei kanonkule av eit frispark frå heile 35 meter banka Anders Grønnestad Karlsen  direkte opp i krysset, og ga bortelaget dermed ei ufortjent leiing i kampen.Det også etter ein periode der Siddis kom meir og meir inn i kampen.

Mastra kom seg likevel raskt over denne kalddusjen, og like før sluttsignalet gjekk brakte heimelagets Tom Erik Aske (bilete)balanse i stillinga.Kampen ebba dermed ut med 1-1,og Masta måtte dermed innsjå at to svært verdifulle poeng i opprykkskampen bokstaveleg tala blei med siddisane ned i tunnelen, og heim til byen.

Det er likevel svært tett i toppen av 5. divisjonspulja, der Vardeneset 2 nå toppar med 13 poeng etter 6 spelte kampar.Vardeneset har derimot sitt førstelag i 4.divisjon, og toarlaget kan dermed ikkje rykke opp om A-laget blir verande i fjerde.Så langt ser det ut til at det vil skje.

Det unge og lovande Mastra-laget har også på papiret eit lettare kamprogram igjen, ettersom dei skal møte lag som alle ligg bak dei på tabellen så langt i årets serie i dei tre kampane som gjenstår.Blandt desse laga er også rivalen frå naboøya Finnøy.Laga møtes til kamp på Vikevåg den 14.oktober.