Kolumbus jobbar med eit system som gjer det enklare å bestilla ringeruter, Foto: Arkiv

FINNØY:

Det handlar ikkje om å tvinga folk til å parkera bilen. Men å gå, sykla og reisa kollektivt når du kan, og køyra bil når du må. HjemJobbHjem er ei svært gunstige billett-ordninga berekna på pendlarar. For 515 kroner i månaden kan tilsette i medlemsbedriftene reisa ubegrensa med båt, buss, tog og ferjer i distriktet. I tillegg er det mogleg å nytta seg av bysyklar.,

- I vår bedrift er det i dag fire som har HjemJobbHjem, men potensilet er det to til som kunne hatt stort utbytte av den gunstige billettordninga. For eigen del sparer eg rundt 800 kroner i månanden berre på pendlinga mellom Tau og Judaberg. I tillegg kjem det eg reiser på fritida, seier Anders Bjørheim i Finnøy Økonomi.

Desse bedriftene i Finnøy er med i billettordninga.

-             Finnøy Økonomi

-             Finnøy Maritime

-             Grieg Seafood

-             Hesby Auto

-             Miljøbygg

-             Øyposten

-             Pro Plan

-            Agro Miljø