FINNØY/RENNESØY: Det betyr mellom anna at alle frivillege lag og organisasjonar som driv ikkje-kommersiell verksemd i desse to kommunedelane slepp eigedomsskatt. Men det må søkjast først, og fristen for dette er 15. mai, opplyser Stavanger kommune.,Dei eigedommane som kan få fritak er må ekempelvis eigast av idrettslag, eller andre friviiolege organisasjonar. Men også  private barnehagar eller humanitære organisasjonar får fritak. Det same gjer ordinære forsamlingshus. I Finnøy og Rennesøy gjeld dette særleg grendahus og bedehus m.fl.,

O

vergangsordning

I desember i fjor vedtok kommunestyret at det skal takast inn 310 millionar kroner i eigedomsskatt i heile Stavanger kommune, men at åra 2021 og 2022 blir ei overgangsordning fram til full ei  full harmonisering av eigedomsskatten som trer i kraft frå 2023. Det betyr mellom anna at i Finnøy blir egedomsskatten redusert til 3 promille frå inneverande år, medan Rennesøy som ikkje har hatt eigedomsskatt , får ein sats på 1 promille i 2021 fram til full harmonisering i 2023.,Skattesast for næringseigedom i den tidlegare ombodelen av Hjelmeland kommune blir på maks 3 promille, medan maksimumssatsen for bustad og fritidseigedommar blir på 2,33 promille.

Meir informasjon om dette er å finna på kommunene sine nettsider: www.stavanger.kommune.no/eiendomsskatt