Tor Bernhard Harestad frå FrP brukte kraftige ord då problemstillinga blei tatt opp.,

Me kan ikkje sitte her og bli “trakassert” på denne måten.

− Supperåd

Dette blei diskutert over lengre tid på Rennesøy kommunedelsutval tysdag kveld, etter at Linda Nilsen Ask frå Høgre tok det opp.

− Det forundrer meg at det er saker som går direkte til andre utval før det kjem til oss. Me diskuterte dette heilt i starten, korleis me kunne sikre at saksgangen går slik den eigentleg skal.

Rennesøy kommunedelsutval skal vera det som knyttar innbyggjarane mot sentrale organ.

Jostein Eiane (KrF) trakk spesielt fram måten saka om vannforsyninga på Dale er behandla i den nye storkommunen Stavanger.

− Det har fungert dårleg, det har vore ein del saker som me ikkje har fått hit i det heile tatt. Dale var eit initiativ frå Rennesøy, og me prøvde iherdig å få det opp som sak her, men det gjekk rett til formannskapet.

Intensjonen når kommunedelsutvala blei etablert var at det skulle vera ein felles administrativ ressurs, påpeikte Eiane.

− Det er dårleg dialog. Dei svarer på spørsmål, men det er ikkje noko oppfølging av utvala. Halvparten av ressursen blei del av eit demokratiprosjekt, og då mister me ein del av dialogen me har hatt til no.

− Eg var redd for at dette skulle bli eit supperåd, eg har ikkje vore med mykje, men eg opplever at me ikkje får støtten me treng, la vara Roy Sokn Adsen (Ap) til under møtet.

[embed]https://www.oyposten.no/2021/09/05/kommunen-villig-til-a-spytta-i-til-vannledning-til-dale/[/embed]

− Les alle innspel

Som tidligare ordførar i Rennesøy har varaordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken, god kjennskap til kommunedelen. Ho meiner alle innspela som kjem frå kommunedelsutvala i det minste blir vurdert.

Arkivfoto: Varaordfører Dagny Sunnanå Hausken seier det viktigaste er at den politiske jobben blir gjort.

Det er kanskje andre forventningar i Rennesøy og Finnøy, dei er vant med å ha handa på rattet. Men kommunedelsutvala sine innspel blir lest, det er eg heilt sikker på. Eg les i alle fall alt som kjem inn og tar det med vidare, det trur og håper eg dei andre politikarane gjer også. Det er ikkje alltid det blir fulgt, men det forventer dei vel heller ikkje.,

Når det gjeld saka om vannforsyninga til Dale seier ho at det viktigaste er at det blei gjort noko med saka.

Eg har ikkje tenkt over korleis saksbehandlinga er gjort, men det viktigaste er at det kom på plass, seier varaordføraren.,

Ein høringsinstans

Demokratirådgjevar i Stavanger kommune Ayan Abdidahir M. Jama var med i diskusjonen tysdag kveld og sa at dei jobbar tett med administrasjonen for å auka merksemda rundt dette, og at dei ønskjer at fleire saker skal gjennom kommunedelsutvalet.

− Eg høyrer bekymringane, og det er noko me deler. Me har eit mål om at utvala skal få del i den større rolla som det var meininga at dei skulle ha. Men me må huske at kommunedelsutvala er ein høringsinstans, nokre gonger må det derfor behandles i øvre politiske organ før det går vidare. Me ønskjer at flest mogleg saker som utarbeides i administrasjonen skal vera i tett samarbeid med utvalet, ikkje berre på Rennesøy, men i alle kommunedelar.