Rune Skagestad (t.v.) og Rune Langeland Rimestad frå kyrkjeleg fellesråd i Stavanger, saman med Morten Stige frå Fabricia kulturminnetjenester tok nyleg Hesby-kyrkja i augesyn.|Dette holet i muren i Hesby-kyrkja viser kor ein av stokkane til stillaset var plassert, då kyrkja blei bygd for snart 900 år sidan.|

FINNØY

: -Me kjem til å ta prøvar av dei gamle takstolane som blei brukte då kyrkja blei bygd, og som me finn rester av innemurt i veggene på kyrkja, opplyser Morten Stige i Fabrica kulturminnetjenester til Øyposten.,

Ifølge Stige vil det vera mulig å fastslå nøyaktig når på året tømmeret blei hogd som blei brukt i takstolane.

-Tømmeret har neppe lege lagra lenge i påvente av å bli brukt i bygginga av kyrkja, for det vanlege var å bruka ferskt tømmer. Det er nemleg lettare å øksa til.  Dateringa føreset at me finn barkkanten på stokkane,  noko det er det godt håp om når me får opp stillas og får hogd bort sementpussen forklarer han.

Dette holet i muren i Hesby-kyrkja viser kor ein av stokkane til stillaset var plassert, då kyrkja blei bygd for snart 900 år sidan. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Riksantikvaren har støtta prosjektet, og Stige reknar med at svaret vil foreliggja i løpet av neste år eller året etterpå.

-Kan me venta oss ei overrasking?

-Kanskje, me får sjå når svaret foreligg, smiler han.

Det er rekna med at kyrkja i Hesby blei bygd rundt 1250, og at ho dermed er rundt 100 år yngre enn dei andre steinkyrkjene i området.