- Det er heftig, spesielt i helgene seier billettør Tobias Hatleskog ombord i MF «Sigrid» til Øyposten.,

-Det er mange hyttefolk som tek denne vegen, men det er også aukande trafikk i vekedagane, seier Hatleskog.

På kaien på Ombo stod det seks bilar og venta på å koma over med ti på ti-ferja om føremiddagen denne torsdagen. Ein av dei er Stian Rørheim frå Ombo.

For han er det hipp som happ om han kjører til Eidsund eller Skipavik når han skal ta ferja.

-Men det blir til at eg tek denne vegen. Vegen er bra, og dessutan er tunnelane i Rennfast for ofte stengde, seier han.

Då Øyposten testa vegen frå Ombo om Hjelmeland for litt sidan, tok det ein time og fem minutt å kjøra frå Hjelmeland til Fiskepiren i Stavanger. Det var omtrent like lenge som det tok å kjøra frå Fiskepiren gjennom Rennfast og Finnfast og å ta ferja frå Judaberg til Eidsund. Faktisk var det fem minutt å spara på å kjøra via Hjelmeland, medrekna ferjeturen. Når Hundvågtunnelen åpnar om kort tid, og det blir bompengar i Ryfast, blir prisen omtrent den same for dei to reisevegane.