Vaksinebussen dukkar opp igjen i morgon og torsdag på høvesvis Judaberg og i Vikevåg.

STAVANGER:

Ifølge Marianne Amdal i Vaksinetjenesten i Stavanger kommune, vil innbyggjarar i Finnøy og Rennesøy bli varsla om tilbudet på SMS.,

-Bussen kjem til Judaberg onsdag 5. og torsdag 6. januar, og blir ståande heilt frå klokka 0900 om morgonen til klokka 18.00 om kvelden, opplyser Amdal til Øyposten.

Bussen kjem deretter til Vikevåg, fredag 7. januar og laurdag 8. januar. Også her blir bussen ståande frå klokka 0900 om morgonen til klokka 18.00 om kvelden.

-Det blir mulig å få både dose ein, to og tre på bussen. For å få dose tre må du vera over 18 år, og det må ha gått minst 20 veker sidan dose to, opplyser Amdal vidare.

-Det blir ikkje timebestillinga, bare drop in, legg ho til.

-Kan bussen koma tilbake seinare?

-Det er mulig, det er noko me vil vurdera i forhold til behovet, seier Marianne Amdal.