Aanna Lauvsnes pensjonerte seg i sommar og har seld garden til Jarle Trahaug.|Lars Sponheim

FINNØY:

Saka gjeld frådeling av folgehuset på garden til Anna Lauvsnes. Statsforvaltaren i Rogaland har frårådd ei frådeling, mens fleirtalet av politikarane i Stavanger seier ja til søknaden.,

Stavanger-politikarane har i to omgangar sagt ja til at Anna Lauvsnes får dela frå huset ho bur i på garden på Lauvsnes. Men statsforvaltaren i Rogaland påklaga vedtaket då saka var oppe første gang, og dermed blei det ein nye runde i kommunen i oktober.

Statsforvaltaren i Vestland fylke, Lars Sponheim.

Det enda med at eit knapt fleirtal for å seia ja til frådeling, kor Høyre, Frp og Fnb utgjorde fleirtalet, mens Ap, Venstre, Mdg og Rødt røysta mot.

Anna Lauvsnes pensjonerte seg som bonde i sommar, og selde garden til Jarle Trahaug. Også han er frå Finnøy, og var avløysar i fjoset hennar på Lauvsnes i mange år. Ved å skilja frå huset, meiner Lauvsnes at det vil letta den økonomiske børa for den nye bonden.