Folkemøte i Vikevåg om Nye Stavanger

 By og by hand i hand, korleis gjekk det eigentleg med kommunesamanslåinga, er temaet for folkemøtet i Kulturhuset Meieriet i Vikevåg komande tysdag.

Dette er nokre av deltakarane på møtet. Henrik Halleland (krf) til venstre, Dagny Sunnanå Hausken (sp) og Mats Danielsen (frp).
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY:

Tysdag 7. desember kl. 18.00 inviterer Sølvberget og Rennesøy bibliotek til folkemøte i Kulturhuset Meieriet i Vikevåg.,

Etter at Finnøy, Rennesøy og Stavanger slo seg saman i 2020 har det vore ganske stilt om saka. Det betyr kanskje at alt har gått bra, at den nye kommunen er ein suksess og at alle er nøgde. Eller finst det utfordringar me ikkje høyrer om, harr dei gamle øykommunane klart å halde på sin eigenart eller har Stavanger teke heilt over, er lokaldemokratiet styrka eller svekka, og er dei offentlege tenestene betre no. Kva justeringar må me framleis gjera før me fungerer ideelt som storkommune, spør arrangørane.

Det blir Elin Rydningen, rennesøybu og gründer, Sigmund Asmervik, professor emeritus i by- og regionplanlegging og Hilde Øvrebekk, kommentator i Stavanger Aftenblad som skal prøva å svara på dette.

I panelet vil desse politikarane sitja: Varaordfører Dagny Sunnanå Hausken (Sp), Mats Danielsen (Frp), Henrik Halleland (Krf, tidl. ordfører Finnøy) og Terje Øvrebø (Sp, leiar i Rennesøy kommunedelsutval).

Ordstyrar blir Espen Røsbak, Sølvberget.

«For å få møtet relevant og bra vil vi gjerne ha tips om tema, spørsmål eller anna. Dette kan du anten sende på e-post til rebecca.egeland@solvberget.no, eller levere i spørsmålskassa på Rennesøy bibliotek i Vikevåg», melder arrangøren.

Publisert: