Hotelldirektør Tor Gunnar Solvang tv, Robert Raustein og Åse Risvold har hatt suksess ved Utstein Kloster Hotel er ikkje direkte bekymra over julesesongen, men ventar på betre tider. Bilete er tatt i ein annan samanheng.

RENNESØY:

Ingen av dei to Øyposten snakka med i dag, torsdag, er særleg bekymra for årets julebordsesong.,

- Me har etter kvart fått god rutine på leva i usikkerheita. No er det fjerde gong strenge koronarestriksjonar snur opp ned på kvardagen vår, og arrangement vert avlyst, seier direktør ved Utstein Kloster hotell Tor Gunnar Solvang.

Direktøren ønskjer ikkje å fortelja kor mange arrangement som er avlyst, men han er ikkje bekymra og seier det er ting som føregår på huset kvar dag.

Venter på betre tider

- Dei nye restriksjonane har gjort at fleire større arrangement går ut, eller rettare sagt, blir utsett til restriksjonane er over. Alle arrangement som kan arrangerast i tråd med nye råd og retningslinjer, blir gjennomført som planlagt. Me veit dette går over, og at det kjem betre tider, seier Solvang.

Det er framleis mogleg å bestilla julebuffèt dei to siste sundagane før jul.

Dagleg leiar ved Kai Risa ved Sjøberg ferie på Østhusvik, har førebels berre fått èin avbestilling på julebord.

- Det kan komma fleire det veit me aldri, men per i dag er det slik. Me har uansett ikkje dei store arrangementa samanlikna med større stader, difor er det lettare for oss å gjennomføra.

Blir det ikkje fleire avbestillingar skal Sjøberg avvikla åtte julebord fram mot jul.

- Sjølv om det blei ein julesesong me helst skulle vore for utan, er det likevel stor skilnad frå i fjor til i år. Denne jula er dei aller fleste vaksinerte med minst to dosar. Samfunnet er ikkje nedstengt, og mange av dei som er smitta får milde symptom. Eg tykkjer kanskje mange er lit vel forsiktige, men det spelar ingen rolle for me gjer som me får beskjed om. Me må forhalda oss til dei same retningslinjene som resten av landet og fylgjer sjølvsagt råd frå styresmaktene, seier Kai Risa.