Henry Jacobsen blei heidra av Ap-politikar Dag Mossige for sin innsats for Arbeiderpartiet gjennom eit langt liv. Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

Sist torsdag var det ei spesiell markering på sjukeheimen då ein av bebuarane blei heidra for sitt livslange medlemskap i Stavanger Arbeiderparti.,

97 år gamle Henry Jacobsen frå Stavanger har vore medlem i Arbeiderpartiet  i imponerande 82 år, sidan han var 14 år i 1939.

Jacobsen kom til sjukeheimen på Finnøy på eit korttidsopphald i juni, men etter fire månadar er han framleis, og her ønskjer han også å bli verande.

Arbeidarpartileiar og kommande varaordførar, Dag Mossige og Ap-veteran Odd Erik Halsgaard heidra Jacobsen for sin innsats. Dei stilla på sjukeheimen med blomar, gullnål, raud parti-t-skjorte samt eit eksemplar av boka om Utøya. I tillegg fekk han overrekt ein forseggjort plakett, ein kopi av valplakaten som Arbeidarpartiet gjekk til val på i1933: «Hele folket i arbeide.» Problemet var berre at plaketten ikkje hadde rett tekst, for ingen har vore i partiet så lenge som Jacobsen.

Ikkje rør sjukheimen

- Det er mest ikkje til å tru. Eg har aldri før høyrt om nokon som har vore med i eit politisk parti så lenge, det er særdeles imponerande, uttala Mossige som saman med Halsgaard fekk høyra korleis det var å driva om Ap-politikk før krigen.

- Me hadde alltid dans på søndagsmøta i Folkets Hus, minnes eg. Det var jo noko heilt anna enn i dag, men ikkje berre negativt. Ideologien til partiet var tydelegare den gong, og AUF sto sterkare enn dei gjer i dag.

Jacobsen er framleis krystallklår i hovudet og fortel uanstrengt om den politiske kvardagen før i tida. Om organiseringa av partiet og artige hendingar opp gjennom eit langt politisk liv.

Like snart sveiper han over på dagsaktuelle politiske utfordringar, og ga beskjed til Mossige om at politikarane ikkje må røra budsjettet til sjukeheimen, og stoppa det varsla kuttet.

- Eg ser kor travel kvardagen til pleiarane er. Sidan eg kom hit 18. juni har eg berre vore ute èin gong, det var saman med ein ferievikar i sommar. På grunn av sjukdommen min, har eg krav på spesiell behandling, men eg får det ikkje på grunn av mangel på midlar.

Jakobsen har sjølv finansiert ein trimsykkel til 73 000 kroner som han er heilt avhengig av, og brukar fleire gonger om dagen. Når han ikkje lenger har bruk for sykkelen, har han bestemt at den skal donerast til sjukeheimen. Det er ikkje alle sjukeheimar i kommunen som kan tilby pasientane ein slik sykkel.

Aldri i bystyret

Gjennom sitt lange politiske liv har Jacobsen hatt dei fleste verva i partiet. Blant anna har han vore leiar i ungdomspartiet i mange år, og seinare gjekk han over som leiar av Framfylkingen som er barne- og familieorganisasjonen til Lo.

Men, han har trass i alle sine aktive år i politikken aldri sitte i bystyret.

- Nei, eg har alltid vore ein typisk fotsoldat og har aldri higa etter posisjon. Eg hadde nok med ungdomsbevegelsen, og tykte eg fekk utretta meir på grasrota enn det eg ville gjort som folkevald. Politikken har vore ein stor del av meg. Det har gitt meg innsikt og erfaring gjennom eit langt liv, avsluttar Henry Jacobsen.