-Det ville vore ein god ide for Stavanger om dei melde seg inn hos oss, seier Vidar Høviskeland, daleg leiar i Landssamanslutninga for nynorskkommunar (NLK) til Øyposten.,

Høviskland viser til at organisasjonen sit på nynorskkompetanse som den nye kommunen ville ha god bruk for. NLK tilbyr også nynorskkurs for saksbehandlarar.

-Finnøy var medlem hos oss fram til årsskiftet, og me har ikkje høyrt noko frå den nye kommunen, seier NLK-leiaren.

I tillegg til Finnøy, mista organisasjonen også Forsand som medlem då denne blei delt mellom Sandnes og Strand mog opphøyrte som eigen kommune frå årsskiftet.

Saksapapira til det førstye møtet i kommunedelsutvalet i Finnøy er alle, med unntak av eit, på bokmål. På kommunen si nettside står det dessutan kommunedelsutvalg, og ikkje "utval" som er ville vore det nynorske namnet på det nye styringsorganet.

Stavanger hadde vedtak om at kommunen skulle vera ein bokmålskommune, men gjorde vedtak om å vera språknøytral då kommunen gjekk saman med Finnøy og Rennesøy.

- Det spølrs om Stavanger har lyst til å ta vare på det språklege mangfaldet i kommunen. Viss den nye kommunen har det ville det hjelpt viss dei var medlem hos oss. Språknøytrale kommunar har ein lei tendens til over tid å enda opp som bopkmålskommunar, seier Vidar Høviskeland.