Kommunen kan ha sendt skattesetlar til feil adresse i Finnøy.

-Største problemet blir å setja grensene for kor sonene for eigedomsskatten skal gå, seier Jon Ola Syrstad, leiar for den nye skattekommisjonen i Stavanger.,

Det er den tidlegare fylkeslandbrukssjefen og rådmannen i Strand som skal leia arbeidet med å koma med forslag til den nye eigedomsskatten for nye Stavanger. Kari Raustein blir nestleiar, mens Ottar Sandanger er den einaste representanten frå kommunedelane Finnøy og Rennesøy.

Ei nøtt utvalet må knekkja er vedtaket om at eigedomsskatten skal inndelast i soner, med lågast skatt dess lengre eigedommen er frå pressområda i Stavanger.

- Det blir heilt klart ei av dei vanskelegaste oppgåvene, seier Syrstad.

Arbeidet i nemnda skal vera ferdig i løpet av året, slik at den nye eigedomsskatten kan ta til å gjelda frå neste år.

-Me vil prøva å laga eit så rettferdig opplegg som mulig, enten du bur i Eidsund eller i Stavanger, seier Syrstad.

-Arbeidet med å taksera eigedommane er nå i full gang, vil det bety, meir, mindre eller like mykje skatt?

-Det er det opp til politikarane å avgjera, det er dei som fastset størrelsen på skatten og kor stort botnfrådraget skal vera. Utgangspunktet vårt er at det har vore ulik skatt i dei tre kommunane, og at den nå skal harmoniserast, seier Jon Ola Syrstad.