Det må både Finnøy og Rennesøy begynne å tenka på. Det er ikkje lenge til 1. januar 2020. Saksbehandlar Jonas Jørstad i Finnøy kommune veit råd. Han skriv brev til Vindafjord kommune som var gjennom ei samanslåing i 2005 og spør kva som blei gjort med ting som:,

Ordførarkjede

Ordførarklubbe

Ordførarstol (om det finst)

Kommuneflagg med kommunevåpen

Vimplar med kommunenamn/våpen

Koppar og krus med kommunenamn/våpen

Pins med kommunevåpen

Eventuelle brevark/konvoluttar med påtrykt namn/våpen

Stempelinnsats med kommunenamn/kommunevåpen til frankeringsmaskinar

Stempel med kommunenamn/kommunevåpen

Skilt med kommunenamn/kommunevåpen

«Avtroppande ordførar Reidar Håvås (Vindafjord) sa at siste gongen han brukte ordførerkjedet var enten på nyttårsaftan eller julaftan (eg trur det var nyttårsaftan) då han var på eit arrangement

på sjukeheimen. Etter dette hadde han gått på rådhuset og låst ordførarkjedet inn i safen. Det var vel kanskje i rådhuset på Sandeid? Ligg det der ennå, eller er det plassert ein annan plass? Eller er det kassert/kasta? (Ølen kommune hadde vel aldri noko ordførarkjede? Om eg tek feil, kvar har det i så fall teke vegen?», spør Jørstad.