Frå Lauvsnesvatnet, for nokre dagar sidan, medan vinteren framleis held grepet.

FINNØY-RENNESØY:  Dalestemmen på Rennesøy og Lauvsnesvatnet på Finnøy var dei einaste vatna som kommunen meinte var sikre etter væromslaget for ei lita veke sidan.,

Men nå melder kommunen at det kun er Lauvsnesvatnet som er sikkert. Tjukna på isen der er målt til 42 centimeter. Det blir likevel advart mot ein del overvatn på isen.

Kommunen gir ein oversikt over isen på 13 vatn i Stavanger, og tjukkna må minimum vera 13e centimeter før  isen blir rekna som trygg.

Men det milde være i det siste gjer at dette aleine ikkje er nok for at isen skal bli definert som trygg.